Eit tilbakeblikk medan me ventar på årets ÅlvikRock

Medan Iron Maiden held fram feiringa av 50 år, ser me i ÅlvikRock tilbake på eit heilt spesielt augeblink i festivalhistoria.

Den 21. oktober i år vert det 20 år sidan me hadde den tidlegare Iron Maiden-vokalisten Paul Di’Anno på scena i Ålvik – ein kveld som har fått ein heilt spesiell plass i festivalhistoria.

Saman med manager og musikar Lea Hart, kjend frå mellom anna Fastway og samarbeid med Joan Jett og Girlschool, kom dei frå England til Ålvik. Med seg hadde dei Roger Bjelke, Thunderbolt-gitaristane Marius Halleland og Per Erik Holt, bassist Morten Eriksen og Jon Rickard Sandum på trommer.

Paul Di’Anno vart fødd 17. mai 1958 og gjekk bort 21. oktober 2024. 🥀

Konserten baud på ei fantastisk setliste med klassikarar frå dei to første Iron Maiden-albuma, i tillegg til fleire låtar frå Paul si eiga solokarriere.

For mange av oss var dette meir enn berre ein konsert. Hadde nokon sagt til den 14 år gamle guten eg var tilbake i 1991 då eg sat heime og såg Iron Maiden på VHS, at eg ein dag skulle få oppleve Paul Di’Anno på scena i Ålvik,  hadde svaret vore heilt utenkjeleg.

Paul Di’Anno var den originale stemma på dei to første Iron Maiden-albuma – album som framleis vert rekna som grunnsteinar innan heavy metal og som har inspirert artistar og band som Metallica, Anthrax og Sepultura.

Me er stolte over å ha fått vere ein liten del av historia til Paul Di’Anno, og me kjem alltid til å minnast denne uforgløymelege kvelden i Ålvik.

Medan me no tel ned til årets festival, er det slike minne som minner oss om kvifor ÅlvikRock betyr så mykje – både for oss og for publikum.

Kjelde: Hardanger Folkeblad, publisert nr 82 Tysdag 24.oktober 2006.

Kjelde: Hardanger Folkeblad, publisert nr 82 Tysdag 24.oktober 2006.

Kjelde: Hardanger Folkeblad, publisert nr 82 Tysdag 24.oktober 2006.

Next
Next

Årets plakat