GetYou

 
 

10. september - Folkets hus

”GetYou” er eit band frå Ålvik i Hardanger.

Bandet består av:

• Bjørn Otto Wallevik (gitar, vokal)

• Einar Skjervheim (gitar)

• Lars Gunnar Egdetveit (bass)

• Thomas Gjelseng (trommer)

Bjørn Otto og Thomas starta øve saman sommaren 2011 og etter kvart kom Lars Gunnar med. Bandet vart komplett og fekk namnet ”GetYou” når Einar vart med sommaren 2012. Første live opptreden var med på Ålvik Rock september 2012. Band namn ” GetYou” kom av at det var den fyrste låten som bandet øvde inn.

I bandnamnet ligg tydinga at musikken skal ”ta deg” og føre deg til ein god musikalsk oppleving.

Bandet med eige låt-materiale har inspirasjon frå fleire band, men ligg godt inne i sjangeren rock.